12. januar, Vinstra vgs

DSC00188.jpgTuren var lang frå Kvinesdal til Vinstra. Dette var dagen vi fekk senskader frå Flekkefjord, der Ola klarte å rive ned riggen ved å køyre igjen sceneteppa. Hadde det ikkje vore for sveisegjengen på Vinstra mekk og smekk, hadde måtte klare oss med ei skikkeleg kvasiløsning resten av turneen. Bilete som de ser er tatt med mobiltelefonen 50 min før framvisning. Tusen takk for all hjelp frå både kontaktpersonen vår som var vaken kl 02 og tok oss i mot, mekk og smekk, publikum, "jentene" frå Lillehammer og vaskedama som viste tolmod for ein treg gjeng.